• Kan nokon gripe inn
  • Kan nokon gripe inn
  • Kan nokon gripe inn
  • Kan nokon gripe inn
  • Kan nokon gripe inn
  • Kan nokon gripe inn
  • Kan nokon gripe inn
  • Kan nokon gripe inn
  • Kan nokon gripe inn
  • Kan nokon gripe inn
  • Kan nokon gripe inn
  • Kan nokon gripe inn

Terningkast 6 for Stein Torleif Bjella på teater! 20.000 har sikra seg billett og hausten 2017 er det turné til heile landet.

Vi er på ein stasjon ein stad på bygda. Dei fleste toga dundrar forbi, men det er framleis liv i bygninga som har sett sine beste dagar. Hit kjem dei som vil reise vekk, som vil sleppe frå, som lengtar etter at kjærasten skal kome, som søker kontakt – eller som berre vil at nokon skal gripe inn.

Stein Torleif Bjellas karakterar og musikk dannar grunnlaget for framsyninga Kan nokon gripe inn. Lasse Kolsrud har skrive manus og har regi. Han har tidlegare, med stor suksess, skapt forteljingar om vanlege folks liv frå vanlege bygde- og småbysamfunn. I Bikubesong (av Frode Grytten, dramatisert av Lasse Kolsrud) følgde vi familiane i ei blokk i sentrum av Odda. I Sånne som oss (av Frode Grytten/DNS) fekk vi innblikk i tre generasjonar innbyggjarar i forstaden Loddefjord utanfor Bergen. I Bikubesong var det The Smiths som lydla scenerommet. John Olav Nilsen og gjengen var tonefølgjet i Sånne som oss. Denne gongen har Lasse Kolsrud fridd til ein av notidas aller fremste visekunstnarar.

Stein Torleif Bjella har sett ord og musikk til mange lagnader i distrikts-Noreg. Sjølv har han vendt tilbake til heimbygda Ål etter nokre år i hovudstaden. Her har han for alvor slått gjennom med songar om den norske bygdesjela. Dei handlar om vanlege folk, som alle strir med sitt, og som fåmælt og famlande prøver å finne ein plass – i kjærleiken og i verda. Det er motbakkar, små og store kriser, det er umogleg kjærleik og det er lange etableringsfasar.

Pressa meiner:

"stopper livet ditt i 90 minutter"
Aftenposten (6)

"en aldeles nydelig forestilling"
Adresseavisa (6)

"Rått og sårt med Bjella-musikk"
VG (5)

"Bygdeblues og hverdagsdrama "
Dagbladet (5)

"Stor underholdning"
Dagsavisen (5)

Songane i framsyninga er henta frå albuma Heidersmenn, Heim for å døy, Vonde visu og Gode liv.

Urpremiere på Det Norske Teatret 14. januar 2017. Se speleplan
Turnepremiere på Ål Kulturhus 11. oktober 2017.
På turné til 22 stader hausten 2017. Sjå heile turnéruta

Kan nokon gripe inn er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Riksteatret.

Høyr Stein Torleif Bjellas musikk på Spotify:

Nytt album "Gode liv" blei lansert 7. oktober 2016 til ein seksar i Dagbladet:

Høyr på Spotify
Kjøp på Itunes

Stein Torleif Bjella og Kjersti Dalseide om Kan nokon gripe inn

Kjøp billett

10. oktober 19:00 ÅL Generalprøve. Utsolgt Kjøp billett
11. oktober 13:00 ÅL Ekstraforestilling. Utsolgt Kjøp billett
11. oktober 19:00 ÅL Turnéprémière. Utsolgt Kjøp billett
12. oktober 19:00 VIKERSUND Kjøp billett
13. oktober 19:00 DRAMMEN Få billetter Kjøp billett

Se alle forestillinger

Urpremiere på Det Norske Teatret 14. januar 2017

Turnépremiere på Ål 11. oktober 2017.

Spilletid: 90 minutter (ingen pause)

Billettpris

Ordinær: 380,-*
Gruppe (10+): 300,-*

*Eks bill avg

Gratis forestillingsintro

Frå CD til scene

Lasse Kolsrud (Idé, dramatisering, regissør og skodespelar) fortel om arbeidet med å gjøre Stein Torleif sin musikk til teaterkonsert. Introduksjonen er gratis og open for alle. Velkommen!

Sted: På kulturhuset

Tidspunkt: 1 time før forestillingsstart

Medvirkende

På scenen

Kjersti Dalseide

Skuespiller

Pål Christian Eggen

Skuespiller

Hallvard Holmen

Skuespiller

Lasse Kolsrud

Skuespiller

Hildegun Riise

Skuespiller

Hans Rønningen

Skuespiller

Hallgrim Bratberg

Musiker

Erik Holm

Musiker

Nils Jansen

Musiker

Marius Reksjø

Musiker

Kunsterisk team

Stein Torleif Bjella

Tekstforfatter og komponist

Lasse Kolsrud

Manusforfatter og regissør

Siri Langdalen

Scenograf og kostymedesigner

Torkel Skjærven

Lysdesigner

Belinda Braza

Koreograf

Jostein Reistad

Lyddesigner

Carl Morten Amundsen

Dramaturg

Wenche Viktorsdatter Paulsen

Produsent, Riksteatret