Barneforestilling
Pulverheksa og vennene hennes

Velkomen til ei heilt ny framsyning med Maj Britt Andersen og alle vi kjenner frå Pulverskogen!

Alle gler seg til det store ballet hos Drømmeprinsen. Men ... alt er ikkje som det pleier å vere i Pulverskogen. Tyven er blitt sint på Politimannen og vil ikkje vere tyv lenger. Og Politimannen er sur på Tyven fordi han blir arbeidsledig når ikkje Tyven vil vere tyv. Ingen av dei vil komme på ball hvis den andre kjem. Og Krokodillen gruar seg til vinteren, så han lurer på om han skal flytte til Afrika.

Alt dette gjer Drømmeprinsen så trist at han ikkje vil vere drømmeprins mer. Dessutan er det ein diger, skummel skikkelse som beveger seg mellom trea og set store fotspor overalt, og gjer alle redde. Kva er det som skjer i Pulverskogen? Blir det ikkje fest? Alt var jo så bra i verdas finaste Pulverskog. Kanskje Pulverheksa kan hjelpe?

Velkomen til ei varm og fargerik framsyning. Nok ein gong er det den barnekjære Spellemannpris-vinnaren Maj Britt Andersen som spelar Pulverheksa – noko anna ville truleg ført til opprør rundt om i kulturhusa i landet! Og eitt er sikkert: ingen stader er Pulverheksa meir spel levande enn i teatret! Ein spesiell velkomst til alle små og store troll som skal på teater for aller første gong. Pulverheksa og vennene hennes passar for born frå 3 år.

På turné våren og hausten 2017.

Kjøp billett

27. mars 18:00 OSLO / NYDALEN Prøveforestilling. Få billetter Kjøp billett
28. mars 18:00 OSLO / NYDALEN Generalprøve. Få billetter Kjøp billett
29. mars 18:00 OSLO / NYDALEN Urpremiere. Få billetter Kjøp billett
30. mars 18:00 OSLO / NYDALEN Kjøp billett
01. april 13:00 OSLO / NYDALEN Få billetter Kjøp billett

Se alle forestillinger

Premiere i Nydalen 29. mars 2017

Turnépremiere på Gjøvik 20. april 2017

Spilletid: 50 minutter (ingen pause)

KLE DEG UT SOM PULVERHEKSA OG VENNENE HENNES

Når Drømmeprinsen inviterer til ball på slottet, må Pulverheksa og vennenes hennes pynte seg litt ekstra.

Vi håper du har lyst å kle deg ut og pynte deg til ball, du også!

Medvirkende

På scenen

Maj Britt Andersen

Skuespiller

Janne Starup Bønes

Dukkespiller

Jørn Morstad

Dukkespiller

Haakon Strøm

Dukkespiller

Kunsterisk team

Ivar Tindberg

Regissør

Christine Lohre

Scenograf

Geir Holmsen

Komponist og lyddesigner

Grete Larssen

Dukkedesigner

Stephen Rolfe

Lysdesigner

Tine Thomassen

Dramatiker

Anita Basmo Bjørnstad

Produsent