Riksteatret er heile landets teater. Oppgåva vår er å tilby profesjonell scenekunst til publikum over heile landet. Vi spelar på 70 ulike kulturhus, i alle fylka i landet.

Riksteatret blei oppretta ved lov i 1948 for:

.. å fremja arbeidet med å føra dramatisk kunst ut til folket i bygd og by og på andre tenlege måtar å auka kjennskapen til god dramatisk kunst."

Lov om Riksteatret, 13. desember 1948

 Starta i Finnmark

Den aller første produksjonen var "En reise i natten" av Sigurd Christiansen. Turneen gjekk frå Finnmark 16. juli 1949, eit fylke som var særleg ramma av krigshandlingane. Riksteatret blei etablert som ein del av den kulturelle gjenreisinga av landet. Den første sjefen for Riksteatret, Frits von der Lippe, hadde "Riksteatret - heile landets teater" som motto. Det er framleis ein del av særnamnet til teatret. 

Kjerneverdiane til Riksteatret

Modig og inkluderande.

Mangfaldig og inspirerande.

Visjonen til Riksteatret

Store opplevingar og fulle hus!

Kven er vi?

Riksteatret er det nasjonale turnéteatret i Noreg. I meir enn 65 år har vi produsert og formidla scenekunst for turné. Oppgåva vår er å vere ein nasjonal aktør som tilbyr eit lokalt scenekunsttilbod til publikum som bur utanfor dei store byane.

Riksteatret spelar regelmessig på 70 kulturhus over heile landet. Ein riksdekkande turné går til ca. 50 stader. Kvart år sender teatret ut 12 til 14 riksdekkande turnear og spelar 400 til 500 framsyningar for ca. 150 000 publikummarar. Riksteatret er ein underliggande etat til Kulturdepartementet. Teatersjefen blir utnemnd av Kongen i Statsråd. 

Kor spelar vi?

Kvart år blir det bygd fleire nye kulturhus i Noreg, og Riksteatret bidrar til å fylle husa med innhald. Målet vårt er å sørgje for ei best muleg geografisk spreiing av spelestadene og at alle fylka i landet har fleire scener som får besøk. Med nokre unntak skal publikum ha mindre enn éin times reisetid til nærmaste spelestad.

Riksteatret reiser, riggar, spelar og riggar ned på ein og same dag. Den største salen er i Harstad med 1100 sete, den minste salen er i Molde med 220 sete. Vi spelar éin dag på kvar spelestad – seks dagar i veka. Til saman reiser Riksteatret meir enn 130 000 km med buss og har meir enn 8000 hotelldøgn i året. På det meste kan teatret ha fem til seks produksjonar på turné samtidig.

Kva spelar vi?

Repertoaret spenner frå dei store klassikarane til den nye samfunnsdramatikken, figurteater og dans. Riksteatret legg særleg vekt på å lage teater for born. Vi skal tilby eit breitt repertoar med stor spennvidde som blir opplevt som relevant, engasjerande og attraktivt for publikum over heile landet.

Riksteatret har eit lite, fast ensemble. Vi er organisert som eit prosjektteater som engasjerer frilans scenekunstnarar. Vi samarbeider nært med resten av teater-Noreg og presenterer både eigenproduksjonar, samarbeidsproduksjonar og innkjøpte framsyningar frå norske og internasjonale aktørar. Kvart år har Riksteatret eit fast samarbeidsteater som vi produserer teater saman med og formidlar framsyningar frå. 

Figurteater

Riksteatret har ein lang tradisjon med å lage dokke- og figurteaterframsyningar for både born og vaksne. Teatret har solid kompetanse med dokkemakarar og figurteaterskodespelarar med lang erfaring. 

I løpet av dei seinare åra har vi samarbeidd tett med sentrale aktørar som Oslo Nye Teater, Figurteatret i Nordland, Wakka Wakka og Duda Paiva Company, med fleire. Ambisjonen vår er å vidareutvikle denne spennande teaterforma, som har fått ei fornya interesse både nasjonalt og internasjonalt.

Kva skjer i kulissene? 

Framsyningane til Riksteatret er store produksjonar som blir spela i fullskalaformat i kulturhusa. Når turnéteamet kjem til ein ny spelestad, blir alt teknisk utstyr bore ut av turnébussen og inn i kulturhuset. I løpet av nokre få timar har den tekniske staben til Riksteatret bygd opp dekorasjonen/scenografien og rigga lys- og lydanlegg. Dei har hengt opp og klargjort kostyma og testa at dei lokale forholda er slik at publikum får ei best muleg oppleving av framsyninga. 

Opplev meir

Riksteatret er meir enn framsyninga du ser på scena. Vi inviterer også til baksnakk med skodespelarar, workshop med dansarar, introduksjonsforedrag i foajeen eller andre tilleggsaktivitetar. Opplev meir-aktivitetane skal vere med på å heve opplevinga, gi kunnskap og skape kontakt mellom skodespelarar og publikum. Les meir på Opplev meir-sidene våre. 

Tilbod til skular

Riksteatret tilbyr eit tilrettelagt opplegg for skuleklasser på eit utval av framsyningane. Skuleopplegga er gjerne tilpassa forskjellige fag – anten som forarbeid til framsyninga eller som fordjuping etter framsyninga. Vi forsøker så godt vi kan å tilby skodespelarmøte der det er ønske om det. Kontakt oss på skole@riksteatret.no eller les meir på skulesidene våre.

Kva skjer i Nydalen?

Produksjon og prøver finn stad i moderne lokale i Nydalen, industriområdet ved Akerselva i Oslo som er blitt eit dynamisk senter for kultur, utdanning og underhaldningsindustri. Der har vi prøvescenene til teatret, Store Gull (300 sete) og Lille Gull (120 sete), kor vi presenterer framsyningar for publikum og presse før turnéstart. I Nydalen har Riksteatret også verkstader, administrasjon og kunstnarisk leiing. Riksteatret er ei kompleks verksemd som stiller store krav til logistikk og planlegging.

Kvar produksjon blir leidd av ein produsent. Forutan 80 fast tilsette medarbeidarar fordelt på 27 ulike faggrupper, engasjerer Riksteatret ca 200 scenekunstnarar og teknikarar kvart år.

Teatersjef

Tom Remlov er Riksteatrets teatersjef.

Tom Remlov

– Riksteatret skal by på det beste for de fleste. Norge er et helt land, og vår oppgave er å by på de historiene som forener oss og favner et stort publikum. Riksteatret er en suksess, og det er en stor gave å få lov å føre denne suksessen videre, sa Tom Remlov da han tiltrådte som Riksteatret-sjef i april 2015.

 – Riksteatret kan gjerne kalles Norges egentlige nasjonalteater, og det er en stor gave å få lov å føre denne suksessen videre, sier Tom Remlov.

Tom Remlov overtok ledelsen av Riksteatret etter Ellen Horn. Remlov kom fra stillingen som administrerende direktør og toppsjef i Den Norske Opera & Ballett, der han hadde oppdraget med å utvikle Operaen til en ledende nasjonal kulturinstitusjon. Tom Remlov er utdannet i teaterregi ved Drama Centre London. Han var teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen fra 1986 til 1996. Deretter var han direktør for Norsk Film AS og senere førsteamanuensis og leder for produsentutdanningen ved Den norske filmskolen. Tom Remlov er også styreleder for Bergen Nasjonale Opera og det regionale filmfondet Fuzz.

– Riksteatret får en teatersjef med bred erfaring fra lederskap og organisasjonsbygging, og som har et tydelig kulturpolitisk engasjement, uttalte kulturminister Thorhild Widvey i forbindelse med ansettelsen av Tom Remlov.

Last ned høyoppløste foto

Riksteatrets styre

Stephan Jervell

Styreleder

Maryna Solesvik

Nestleder

Trond Hannemyr

Styremedlem

Annika Levin

Styremedlem

André Wallan Larsen

Styremedlem

Bushra Ishaq

1. varamedlem

Vegar Foss Andersen

2. varamedlem

Alessia Franquillo

Styremedlem - Ansattrepresentant

Tine Thomassen

Styremedlem - Ansattrepresentant

Marit Østbye

Varamedlem - Ansattrepresentant

Nora Hagen

Varamedlem, ansattrepresentant